T8 handlar om kyrkja og skattane ein kan finna der.
Det skjer kvar vår. Mystiske ting skjer i kyrkjene våre. Kyrkjeskattar forsvinn, og mysterier må løysast. Men erfaringa tilseier at åtteåringane er dei beste agentane i bygda, så difor inviterer me dei til å hjelpe oss med å løyse desse rare mysteria. Heile kyrkja må undersøkast, og agnetane må fram med lommelykt og forstørringsglas for å løyse dei ulike gåtene. Tema er henta frå TV-serien ”Tårnagentane” som har gått på NRK.
Tiltaket er landsdekkande, og kvart år vert kyrkjer i heile landet skikkeleg undersøkt av tårnagentar.
For Evanger og Granvin sokn rullerer tiltaket med T9- Pilegrimsvandring.
Me har laga ein eigen film til Tårnagentane. Den finn du her.