På -dagen feirar me seksåringane sin skulestart, og markerer at dei alle er ”Heilt 1. klasses”. Dette gjer me ved å ha skattejakt rundt kyrkjene.
Ikkje berre fordi dei er fyrsteklassingar, men fordi dei er heilt spesielle, ulike og unike. Slik er dei skapte av Gud. Overgang frå barnehage til skule er ei spesiell tid. Kanskje litt vemodig for dei føresette og med blanda kjensler for borna. På mange vis er det ein ny start. Me ynskjer som kyrkje å vera tilstades i denne spesielle tida. Det gjer me gjennom å invitere til skattejakt rundt og i kyrkjene. Her får me møta Sakkeus, Lisa og kanskje ein pirat? Bli med, så finn de kanskje skatten!
T6 er plassert like etter skulestart på hausten.