T1 - Babysong


Me har , babysongkurs, både på våren og om hausten. I Vangskyrkja og i Oppheim kyrkje.

Kurset går over sju samlingar, der me prøver å få den eine samlinga i lag med dei eldre på ein av institusjonane i bygda. 

Babysong er leik med song, regler, rørsler og lydar. Kjennskap til ulike lydbilete er også utgangspunkt for all språkutvikling. Babysong handlar om kommunikasjon med ditt eige barn. Som mor/far er det berre du som kjenner denne kommunikasjonen. For barnet er stemma di det kjæraste og næraste! Babysong handlar ikkje om å prestera, men om å gjera denne kommunikasjonen endå betre ved hjelp av musikk og song.

Kurshaldarane har allsidig musikkbakgrunn.

Tilbake