Dåpsopplæringa


Kristendomsundervisning er ein liten del av det offentlege skuleverket, så kyrkja reknar ikkje lenger skulen si kristendomsundervisning som dåps-, eller konfirmasjonsopplæring. Den norske kyrkja har derfor trappa opp eigne undervisningstilbod til sine døypte.

I dåpen påtek både foreldre, fadderar og kyrkjelyden seg eit ansvar for å gje barnet oppseding til kristen tru.

 

Dette seier presten kvar gong det er dåp i kyrkja: "De skal vera vitne om at barnet/borna er døypt/døypte med den kristne dåpen. Saman med kyrkjelyden vår og heile kyrkja får de del i eit heilagt ansvar: 
-    å visa omsorg for henne/han/dei, 
-    be for henne/han/dei, 
-    læra henne sjølv/han sjølv/dei sjølve å be 
-    og hjelpa henne/han/dei til å bruka Guds ord 
-    og delta i den heilage nattverden, 
så ho/han/dei kan leva og veksa i den kristne trua.
"

 

Seint på 1980-talet tok Den norske kyrkja fatt på arbeidet med eit omfattande kyrkjeleg opplæringsprogram. Plan for dåpsopplæring i Den norske kyrkja vart presentert våren 1992 og er no retningsgjevande for barne- og ungdomsarbeidet i kyrkjelydane. Her vert det gjennomgått kva den døypte bør læra om den kristne trua på kvart alderstrinn frå fødsel til konfirmasjonstid.

 

Arbeidet med dåpsopplæringa i kyrkjelyden er ofte fordelt på mange ulike tiltak som sundagsskule, barneforeiningar, kor, speidargrupper osv. Det er her eit utstrakt samarbeid mellom soknerådet og dei frivillige organisasjonane sine arbeidslag i kyrkjelyden. Hausten 1997 vedtok Kyrkjemøtet ein ny Plan for konfirmasjonstida.


Eit regjeringsoppnevnt utvalg overleverte 10. oktober 2000 innstillinga NOU 2000:26"...til eit åpet liv i tru og tillit". Utreiinga som skildrar Dåpsopplæring i Den norske kyrkja, kan lesast her:NOU 2000:26

Tilbake