Voss kyrkjekontor har to nydelege dåpskjolar som me låner ut til dåpsseremonien i kyrkja, for dei som ynskjer det og ikkje har kjole sjølv. Me har både rosa og blått band og fleire huer.
Tilbodet er gratis!
Dersom de ynskjer å låne dåpskjole kan de ta kontakt med oss på e-post post.voss@kyrkja.no eller tlf 56 52 38 80.
Kjolen kan prøvast på kyrkjekontoret, og utlånet gjeld på sjølve seremonien i kyrkja.
Me tek oss av klargjering i forkant og vask/rens i etterkant.
Denne dåpskjolen er strikka og gjeve til oss av Halldis Hårvik.
Denne kjolen er gjeven av Marta Ringheim og dotter Siri Ringheim Heggenes.
Me takkar så mykje for eit nydeleg handarbeid.