Mini-Midi Sing.


Mini-Midi Sing er barnekoret vårt. Me er så heldige å få øva i Vangskyrkja kvar onsdag kl. 17:30-18:30. Alle songglade born i alderen 4 år til og med 10 år er velkomne. 

 

Me likar å øva i kyrkja, for der er det nemleg  høøøgt under taket og plass til mykje fin lyd. Lyd av latter, song, leik og moro og til og med litt gråt av og til. I denne gamle kyrkja frå 1277 er det plass til heile mennesket.

Det er viktig for oss at borna opplever meistringskjensle når dei kjem for å syngja. Kanskje er det ikkje alltid heilt rein lyd men det viktigaste er at medlemane trivest og blomstrar med det dei gjer.

Leiar av koret er Åshild Bøe Kharazmi. 

Ei vanleg korøving kan sjå slik ut:

  • Borna stiller opp på skikkelege kortrapper.
  • Me har oppvarming av stemmene med artige øvingar.
  • Me øver på songane me skal læra.
  • Me har pause med leik og eting av frukt.
  • Me øver litt til før avslutning.

I løpet av året er me med å syng på nokre av kyrkja sine T-dagar, eller på gudsteneste for små og store. Me har og vår eigen adventskonsert. Før jul besøkjer me gjerne nokre av institusjonane og syng for dei som bur der.

Har du eit barn eller kjenner du nokon som likar å syngja og vera saman med andre born i song og leik? Stikk gjerne innom på ei øving og sjå om dette er noko for dykk. Me tek imot nye songarar heile skuleåret. Velkomen inn!


Kontakt: Åshild Bøe Kharazmi E-post

Tilbake