Mini-Midi Sing


Mini-Midi Sing er barnekoret vårt. Me er så heldige å få øva i Vangskyrkja kvar torsdag kl. 17:30-18:30. Alle songglade born i alderen 4 år til og med 4. klasse er velkomne. 

GRUNNA KORONA-VIRUSET HAR KORET PAUSE ENNO.

 

Me likar å øva i kyrkja, for der er det nemleg  høøøgt under taket og plass til mykje fin lyd. Lyd av latter, song, leik og moro og til og med litt gråt av og til. I denne gamle kyrkja frå 1277 er det plass til heile mennesket.

Det er viktig for oss at borna opplever meistringskjensle når dei kjem for å syngja. Kanskje er det ikkje alltid heilt rein lyd men det viktigaste er at medlemane trivest og blomstrar med det dei gjer.

Leiar av koret er Åshild Bøe Kharazmi. Kantor Astrid Gjestvang er ofte med ved flygelet.

Ei vanleg korøving kan sjå slik ut:

  • Borna stiller opp på skikkelege kortrapper.
  • Me har oppvarming av stemmen med artige øvingar.
  • Me øver på songane me skal læra.
  • Me har pause med leik og eting av frukt.
  • Me øver litt til før avslutning.

I løpet av året er me med å syng på nokre av kyrkja sine T-dagar, eller på gudsteneste for små og store. Før jul besøker me gjerne nokre av institusjonane og syng for dei som bur der.

I lag med Tween Sing (born i 5.-7. klasse) lagar me konsert første sundag i advent og basar utpå våren.

Har du eit barn eller kjenner du nokon som likar å syngja og vera saman med andre born i song og leik? Stikk gjerne innom på ei øving og sjå om dette er noko for dykk. Me tek imot nye songarar heile skuleåret. Velkomen inn!


Kontakt: Åshild Bøe Kharazmi E-post

Tilbake