Refleks Ten Sing


Refleks Ten Sing er ei stor og aktiv Ten Sing-gruppe som held hus i Vonheim på Voss. Ungdom frå 8. klasse og oppover er hjarteleg velkomne!

 

Kvar torsdag er det ope hus frå klokka 14 - her er både lekserom, gode sofaer og rom å slappe av i. Klokka 16.15 dekkar me langbord i Holo, og du får kjøpt ein god middag for 30 kr. Klokka 18 samlar me folket til korøving, før me går i grupper frå 19.10 til 20.00. I pausen får du kjøpt det gode pausegruppa har laga, før du får med deg nokre kloke ord i dagens input. Me avsluttar med Velsigninga, spesialskriven for Refleks. I tillegg til torsdagsøvingane har me sosialkveldar, me reisar på turer og leirer - både innelands og utenlands - me er med på festivaler, opptrer og arbeidar fram mot en musikal eller revy som me lager sjølve og fremførar på våren. Me har veldig lyst på nye medlemmar - kom innom og sjå ein torsdag!

Er du konfirmant kan du vera med i Refleks og ha det som konfirmantundervising.

Tilbake