Jesus brydde seg om menneska. Han forkynte og han hjelper menneska. Han helbreda sjuke og han gav utstøytte ein plass i fellesskapet. Ifølge Bibelen kalte Jesus seg sjølv diakonos ('tenar'). Diakoni er kyrkjas omsorgsteneste.
Diakoni og omsorg
Diakoni er evangeliet i handling. Det handlar om nestekjærleik, inkluderande felleskap, vern om skaparverket og kamp for rettferdighet. Spennet er stort frå den kvardagslege omsorga for naboen, til arbeid for klima til internasjonalt engasjement for å nedkjempa fattigdom.
Diakonien ynskjer å fremma respekt og verdighet og vil bidra til at mennesker kan leva i forsoning med seg sjølv og andre, og til å myndiggjøre mennesker i deres egne liv. Det handlar om å hjelpa til at mennesker får teke vare på sine rettigheter. Dette er visjonen for den diakonale tjenesten i Den norske kyrkja (hentet fra Plan for diakoni): Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, verkeleggjort gjennom liv og teneste.