Sorggruppe


Sorggruppe


Å miste ein du er glad i, kan vera noko av det vondaste du oppleve i livet. Det tek tid.. lang tid og er eit hardt arbeid å arbeide seg gjennom. Smerta verkar lammande, og tek gjerne alle krefter me har. Det er store forandringar i livet og familien, mange ting å ta avgjersler til… og forventningar til at du etter kvart skal fungere som før – når livet ikkje lenger er som før.

Mange opplever å ha mange rundt seg i starten men så kjem kvardagen og du vert meir åleine.

Då kan ei sorggruppe vere fint å være med i. Ei gruppe på 5-8 stk. som møtes over 10 kveldar. Her er det rom for å dela det meste og slik vere til hjelp og støtte for kvarandre.

Sorggruppa vert leia av diakon eller prest.

Ta gjerne kontakt med diakon Sigrid Djukastein Mala, tlf. 47 84 91 34 eller e-post sm435@kyrkja.no.

Tilbake