Vi feirer Vangskyrkjas fødselsdag.
Denne kvelden kjem forteljaren Astri Sudmann og tek oss med inn i den særmerkte tida då Olav Haraldsson for omkring med sine menn med ein visjon om at han kunne få slutt på maktkamp mellom småkongar og hersar, og binda folket sitt saman i eitt rike. Han kjende på ein arverett, og at «Kristusånda» kunne styrka oppgåva til ein konge som ville sikra verdiar som fred, tryggleik og rettferd.
Ellen Marie Selland Geithung og Alexander Aga Røynstrand kjem med eit musikkprogram.
Middelalderhistorikar Torgeir Landro, prorektor for forsking og formidling ved NLA Høgskolen, held foredrag om dei rettslege og sosiale endringane kristninga av Noreg førde med seg.
Alle er velkommen. Gratis tilgjenge