Di stemme er med på å bevare Den norske kyrkja som den største demokratiske medlemsorganisasjonen i landet.
Er du ein av dei 3,5 millionane som er medlem i Den norske kyrkja? Då er stemma di viktig i kyrkjevalet! Når du stemmer, gir du ein tommel opp til kyrkjelyden din, og du er med på å bestemme kven som skal leie den framover.
Kyrkja er til stades over alt i Noreg. Den tek del i kvardagsliva våre og ved større og mindre hendingar i livet. I sorga og festen, i trøysta, songen, leiken og gleda. Kyrkja er open for alle, frå vogge til grav. Kyrkja har rom for deg!
Korleis vil du at kyrkja skal vere? Ved kyrkjevalet 11. september har du høve til å påverke: På same tid som det er val til kommunestyre og fylkesting i eit vallokale like ved, kan du også stemme fram kven som skal leie kyrkja på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Nytt av året er at du kan førehandsstemme digitalt. Det gjer du på kyrkjevalet.no frå 10. august til og med 6. september. Du kan òg førehandsstemme fysisk på Kyrkjetunet i Uttrågata 5 frå onsdag 16.august til fredag 1. september, mellom kl 0900 og 1400.
To val
Kyrkjevalet er to val: Du kan stemme på kandidatar til soknerådet og til bispedømeråd og Kyrkjemøtet.
Til soknerådsvalet har ein gjeng flotte medlemer sagt ja til å vere kandidatar til råda og leie kyrkjelydane dei fire neste åra. I soknerådet stemmer du på enkeltpersonar. Du har høve til å gje inntil tre kandidatar ei ekstrastemme. Kandidatane med flest stemmer blir med i rådet. Her er nominasjonslister til sokneråda.
I val til bispedømeråd og Kyrkjemøtet er du med på å bestemme kven som utgjer bispedømmerådet. Kvart av dei elleve bispedøma i landet vårt har eit bispedømeråd. Rådet tilset blant anna prestar og leier bispedømet saman med biskopen. Medlemene av bispedømerådet er også medlemer av Kyrkjemøtet, det øvste representative organet i Den norske kyrkja. Når du stemmer i bispedømerådsvalet er du dermed også med på å avgjere kven som utgjer Kyrkjemøtet.
I dette valet stemmer du på ei av fire ulike lister. Listene legg vekt på ulike saker dei vil arbeide for i kyrkja.
Her i Bjørgvin Bispedøme stiller Bønnelista, Frimodig kyrkje, Nominasjonskomiteen si liste og Open folkekirke lister.
I begge vala er det høve til å gjere endringar på listene, til dømes å gje personstemme til enkelte kandidatar. Kva for endringar det gjeld, og korleis endringane påverkar valresultatet, kan du lese meir om på kyrkjevalet.no.
Kyrkjevalet går føre seg i eller ved dei same lokala som kommune- og fylkestingsvalet. Opningstidene er også dei same.