Konsert med Dale Mannskor i Bolstadøyri bedehus 10. september klokka 13


Frå Bolstad til Terracina: Dale Mannskor syng på Bolstad for fyrste gong – og dreg til Italia etterpå!

 

Dale Mannskor har sunge «over alt» i løpet av sine 92 år, både i Noreg og i Europa.
Men aldri på Bolstad!
Det vil dei gjere noko med komande helg.
Og berre nokre dagar seinare peilar dei seg inn på det sørlege Europa – og den italienske byen Terracina.
Komande søndag ettermiddag vil Dale Mannskor halde konsert i Bolstadøyri bedehus.
På programmet står mange av songane dei skal syngje på årets «Europa-turné».
Koret syng og i gudstenesta same stad om føremiddagen denne dagen.

Sjå informasjon om konserten her (trykk på denne linja).

 

Tilbake