Haustkonsert med Solveig Leithaug


Kom og opplev ein av Noregs mest erfarne artistar, sjølv om ho kanskje er betre kjent i USA enn i Noreg. Ta turen i kyrkja denne kvelden, set deg i benken, senk skuldrane og nyt vakker musikk.

Solveig Leithaug har lang erfaring som artist, både i Noreg og i USA, der ho har vunne fleire prisar for musikken sin. Denne kvelden kan du oppleve ho og nokre av dei vakre songane ho syng. Ta turen frå haustmyrkret inn i den lune kyrkja, og få med deg den gode opplevinga du og. Solveig har eit samarbeid med Stefaniusalliansen og i år vert ho og andre artistar frå Skandinavia å sjå på TV-skjermen. Sjangeren Solveig held seg innanfor no er mest indi og ho er ein erfaren låtskrivar. Ho hadde oppveksten sin på Frekkhaug og flytta seinare til USA. Ho er no busett i Nashville i Tenessee. 

Tilbake