Helgemessesundag / Allehelgensdag


Sundag 5. november er det helgemessesundag/allehelgensdag som vert markert i alle våre sokn. Der vert pårørande og familie som har mista ein av sine invitert til ei minnegudsteneste med rom for sorg og sakn.

Denne dagen er også for oss alle som har mista nokon vi var glade i, uansett om det er gått få eller mange år.

For mange er denne dagen ein minnedag, då tankane våre går til dei som ikkje lenger er mellom oss. Mange går til kyrkjegarden, på grava eller minnelunden denne dagen, for å minnast dei som er døde og tenna lys. Vi i kyrkja ser ikkje berre dei vakre lysa, vi ser òg at livet er skjørt og sårbart og vi alle treng håp. Denne dagen vert liva våre sette i ein større samanheng.

På dei ulike minnegudstenestene vil me minnast og lesa opp namna på dei som er gravlagde i sitt sokn sidan sist minnegudsteneste, i innramming av vakker musikk.

For nokon har det gått eitt år, for andre kortare tid, for dei fleste vil det opplevas som kort tid sidan dødsfallet og saknet er sårt. Vi ynskjer difor å invitera dykk til ei stille stund i kyrkja på allehelgensdag, der de er omgjevne av menneske og Gud i sorga.

Vi sender ut ein invitasjon via brev til dei som er pårørande siste året, men her er alle velkomne år etter år. Ein dag der vi alle minnes våre.

Nytt i år er at det også er ope i Vonheim (som ligg rett ved gravplassen). Der er alle som er på gravplassen og saknar sine, hjarteleg velkomne innom for ei roleg stund. Der vil også være nokon å snakke med av tilsette i kyrkja.

De er alle hjarteleg velkomne!

Diakon Sigrid Djukastein Mala.

 

Helgemesse i Vangskyrkja sundag 5. november kl. 11.00

Minnegudsteneste for Voss i Vangskyrkja sundag 5. november kl. 17.00

Minnegudsteneste i Evanger kyrkje sundag 5. november kl. 11.00

Minnegudsteneste i Raundalskyrkja sundag 5. november kl. 17.00

Minnegudsteneste i Oppheim kyrkje sundag 5. november kl. 19.30

Minnegudsteneste i Granvin kyrkje sundag 5. november kl. 19.00

 

Tilbod om samtale

Skulle du ha ynskje/behov om ein samtale er du velkomen til å ta kontakt med:

Diakon Sigrid Djukastein: Mala, tlf. 47 84 91 34, sm435@kyrkja.no

Diakonimedarbeidar: Anja K. Slåtten, tlf. 41 70 49 58, as257@kyrkja.no

Tilbake