Kirkens Nødhjelp sin Fasteaksjon


Kvart år i veka før palmesundag, vert innsamlingsaksjonen til Kirkens Nødhjelp arrangert over heile landet.

Kirkens Nødhjelp KN, arbeider kontinuerleg for å kunna nå ut til alle mennesker i værda med det heilt livsnødvendige VATN. Deihar gjennom ei årrekkje samla inn mykje pengar, og slik kunna bygd brunnar og laga vassannlegg til områder og lokalsamfunn som ikkje før hadde tilgang på reint vatn.

Fasteaksjonen er ein årleg landsdekkande innsamling, der konfirmantane våre er hoveudaktørane og mange friviljuge og soknerådet er med. Men som med andre aksjonar er her alltid bruk for fleire!

I Vossabygdene er det konfirmantane som er grunnstammen i bøsseberarane, men me har plass til mange fleire bøssebearar. Ta kontakt med kyrkjekontoret om du ynskjer å vera med på innsamlingsaksjonen, anten som bøssebærar eller som medhjelpar i det praktiske arbeidet med aksjonen.

 

Tilbake