Voss kyrkjelyd har eit misjonsprosjekt i Blånildalen i Etiopia. Her får me fylgje NMS (Det Norske Misjonsselskap) sitt landsbyutviklingsarbeid tett, takka vere ein misjonærfamilie som sender oss brev/mail og heile tida fortel kva pengane me samlar inn vert brukt til.
Det har mellom anna vorte sett opp enkle vaskepostar, og gjeve undervisning i viktigheita av god handhygiene. Det er gjeve opplæring i å dyrke jorda og få frø til plante som gjev mat, og det er lagt grunnlag for skule og opplæring for born og unge, omsetjing av bøker og songar til sitt lokale språk, drive lese/skrive opplæring… osb.
I kyrkjelyden vert det samla inn til prosjektet gjennom heile året, i tilegg er det ein misjonsfest på hausten og ein misjonsbasar om våren.