Det er ynskjeleg at urna vert sett ned i grava så snart som mogleg, og den skal gravsetjast seinast 6 månader etter dødsfallet. Grunna tele i jorda kan det verte naudsynt med ei slik utsetjing i vinterhalvåret.
Ved kremasjon vert urna sendt til kyrkjekontoret, etter at krematoriet har motteke krav om utlevering. Når urna kjem til kontoret melder me i frå til den som var ansvarleg for gravferda, og bed om informasjon og avtale om korleis nedsetjinga skal skje.
Gravstad
Før urna vert sett ned må det peikast ut ein gravstad. Det kan vere ei eksisterande grav som familien disponerer, eller de kan velje ein ny gravstad. Dette avtalast med kyrkjekontoret på førhand. Me gjer merksam på at den som er festar for eksisterande gravstad må gje sitt samtykke til at grava vert nytta.
Dersom avdøde var busett utanfor kommunen ved sin bortgang vert det utferda ei faktura for utanbygds urnegrav etter gjeldande prisliste frå kyrkjeleg fellesråd. Fakturaen sendast den som er ansvarleg for gravferda.
Urnenesetjinga
De avtalar tid for urnenedsetjing med kyrkjekontoret. Urnenedsetjing kan gjerast på kvardagar, i tidsrommet 09.00 - 14.30. Familien møter fram på den aktuelle kyrkjegarden, der ein tilsett møter dykk. Om familien ynskjer kan det òg vere ein prest til stades. Urna vert boren til grava, der de har ein enkel seremoni som de kan setje dykkar personlege preg på. Dersom familien ikkje har ynskje om å vere med ved nedsetjinga kan me gjere dette i stilla, på avtalt stad.