Fredingstid for gravstad
Fredingstida for både kistegravstad og urnegravstad er 20 år. Det vil sei at ei freda grav ikkje kan nyttast om att før fredingstida er over. Òg på ein familiegravstad med to eller fleire graver festa ved sidan av kvarandre, kan kun dei unytta gravene takast i bruk i fredingstida.
Friperiode og festeavgift for gravstad
Avgift for kistegravstad: Når det vert oppretta ei ny grav betalar ein ikkje festeavgift for dei første 20 åra. Dette utgjer friperioden.
Kister kan gravleggjast i to nivå i same grav når festaren eller den som skal være ansvarleg for grava ynskjer det og tilhøva på gravplassen er lagt til rette for det. Det kan ikke krevjast festeavgift i den frie gravperioden. Dersom det øvste nivået også vert teke i bruk i løpet av den frie gravperioden, vert det rekna ny fri gravperiode frå siste gravlegging.
Avgift for urnegravstad
Ein betaler ikkje festeavgift for dei fyrste 20 åra (dersom gravlagde var busett i Voss kommune). Dette utgjer friperioden. Dersom det vert sett ned fleire urner i løpet av den frie gravperioden, vert det rekna ny fri gravperiode frå siste gravlegging.
Ved kremasjon betalar ein kremasjonsavgift.
Etter friperioden (20 år) får ein høve til å feste grava vidare. Dei påfylgjande festeperiodeane er på 5 år. Når det har gått 60 år etter siste gravlegging, kan gravfestet ikkje fornyast utan særskild godkjenning frå Voss kyrkjelege fellesråd. Berre èin person kan stå som festar for ei grav, og ingen kan gravleggjast der utan festar si godkjenning.
Når festeavtalen går ut, sender kyrkjekontoret ut skriftleg melding om dette. Det hender at slike varsel ikkje når fram til rette vedkomande, dels grunna adresse- eller navneforandring, dels av andre grunnar. Kjem brev i retur eller adressa manglar, vert det sett opp eit varselkort på grava. Har ikkje festaren meldt seg innan 2 månader, vert gravminnet fjerna og oppbevart i 6 månader før grava vert sletta og gravminnet destruert.
Hugs å melde frå til kyrkjekontoret om adresse- eller navneforandring. Oppseiing eller overdraging av feste må gjerast skriftleg.