Her er link til tekstane for denne sundagen: https://www.bibel.no/Nettbibelen/Kirkearets-tekster
Inne på Bibel.no kan du lese frå heile bibelen, du kan lese ord for dagen, og finne bibelvers som passer for kva ein kjenner på og berer på. Sundagspreika er skriven av sokneprest Anders Hove.
Ein Gud som er nær
Eg er oppvaksen med sauer. Frå eg var om lag ni år budde me på garden far min kjem frå, og der var det sauer, dalasau. Eg var ikkje framand for sauer før det heller, men frå eg var ni år og til vidaregåande var sauer ein del av kvardagen. Det var kjekt. Å stia i fjosen, eller å gå i floren som ein seier her i Voss, mange kveldar i veka, og ein del av lydbiletet og arbeidet om somrane. Og som regel var det eg og min tvilling som fekk, eller helst ville ha, hovudansvaret for flaskelam og heimalam.
Eg byrja tidleg å stusse på kvifor det var så mykje prat om gjetarar i bibelen, eg lurte på kva for hjelpelause sauer som var der. Eg forstod etter kvart at klimaet dei lever i der er heilt annleis enn her i Noreg, så der måtte ein ha gjetar. Likevel forstod eg biletet: det er godt å ha ein flokk å høyre til i, og å vite at nokon passar på. Men no kjenner me kanskje eit sakn etter det å vere saman, flokken er der kanskje, men ikkje på same måten.
Gjetaren passar likevel på. Eg hugsar då sauene var på fjellet, då var me litt gjetarar. Sauene gjekk ikkje samla, men me gjekk rundt og såg til og passa på. Og til ein viss grad kunne ein vite kva sau som gjekk kvar, me kjende dei såpass. Og me såg når dei kom mot oss om det var ein av våre eller ikkje, men når me la ut salt og mjøl fekk dei andre sauene kome og.
Teksten i dag viser også til påska. Jesus visste kva han var på veg til, men veik ikkje unna. Det er med på å setje påska i eit nytt lys. Ofte blir det sagt at Jesus gjekk i døden for våre synder. Dette er sant og rett, men teksten i dag teiknar påskebiletet på ein annan måte: Jesus gjorde det av kjærleik til flokken, av kjærleik til oss. Han såg det mørket som trua vårt liv og vår framtid hos Gud, men veik ikkje unna. Det var ikkje synda som gjorde at Gud gjekk i døden – det var kjærleik.
Teksten minner om noko anna også: Slik ein bonde kjenner sauene sine, slik kjenner Gud oss. Og sjølv om flokken ikkje er samla er Gud likevel nær. Han er nær og tek også imot dei som kom frå andre flokkar. Gud støyter ikkje bort menneske, men ønskjer at me kjem til Han.
Også no, i desse dagane me ikkje veit når vil ende, kan me kome til Han. Me kan ikkje samlast til gudstenester, men me kan samlast i Gud. Me har éin gjetar og er éin flokk. Slik blir me minna om at me høyrer til i eit fellesskap som er større enn me kan ane. Eit fellesskap rundt om i verda som saman me oss har feira påska og gleda over oppstoda, og som bed til Gud saman med oss. Slik er me saman verda over, og kan me vere saman, om ikkje me kan samlast. Saman i tru og håp, og saman i å leggja vår glede og vår sorg fram for Gud.
Han er så nær livet at han kjenner våre kjensler, og han er så nær vårt liv at Han kan ta imot og ta vare på det me berer i våre hjarte, av gleder og sorger. Som ein god gjetar passer Gud på flokken sin, og ser til oss no når tida er annleis og dagane for nokon kan vere utfordrande. Sjølv om andre må halde avstand, er Gud alltid nær.
Bøn for dagen 3. søndag i påsketida:
Jesus Kristus, gode hyrding,
du kjenner oss og fører oss på rettferds stigar.
Vi bed deg:
Vakt oss mot alle farar
og leit oss opp når vi går oss vill,
så vi kan samlast hos deg i ditt evige rike,
du som med din Far og Den heilage ande lever og råder,
éin sann Gud frå æve til æve.
Amen.