2. sundag i påsketida er det prost Arild Hellesøy som har skrive sundagspreika, til teksten om Jesus og fiskarane.
2. søndag i påsketida: Joh 21,1-14
1 Sidan openberra Jesus seg endå ein gong for læresveinane; det var ved Tiberiassjøen, og det gjekk slik til: 2 Simon Peter, Tomas, som vart kalla Tvillingen, Natanael frå Kana i Galilea, Sebedeus-sønene og to andre av læresveinane hans var saman der. 3 Simon Peter seier til dei andre: «Eg vil ut og fiska.» «Vi blir med deg, vi òg», sa dei. Så gjekk dei av stad og steig i båten, men den natta fekk dei ikkje noko.
4 Då det tok til å lysna av dag, stod Jesus på stranda, men læresveinane visste ikkje at det var han. 5 Jesus sa til dei: «Har de ikkje noko å eta, borna mine?» «Nei», svara dei. 6 «Kast garnet på høgre sida av båten, så skal de få», sa han. Dei kasta garnet, og då greidde dei ikkje å dra det opp, så mykje fisk hadde dei fått. 7 Den læresveinen som Jesus hadde kjær, sa til Peter: «Det er Herren.» Då Simon Peter høyrde at det var Herren, batt han kappa om seg – den hadde han teke av – og hoppa i sjøen. 8 Dei andre læresveinane kom med båten og drog garnet med fisken etter seg. Dei var ikkje langt frå land, berre omkring to hundre alner.
9 Då dei kom i land, fekk dei sjå eit bål der, og det låg fisk og brød på glørne. 10 «Kom hit med noko av den fisken de fekk», sa Jesus til dei. 11 Simon Peter gjekk då ut i båten og drog garnet på land. Det var fullt av store fiskar, eitt hundre og femtitre i alt. Men endå det var så mange, rivna ikkje garnet. 12 Jesus sa til dei: «Kom og få mat!» Ingen av læresveinane våga å spørja han: «Kven er du?» Dei visste at det var Herren. 13 Då gjekk Jesus fram, tok brødet og gav dei, og det same gjorde han med fisken.
14 Dette var tredje gongen Jesus openberra seg for læresveinane etter at han hadde stått opp frå dei døde.
Heime att
Sju av læresveinane til Jesus hadde kome heim frå Jerusalem og starta kvardagslivet sitt att. Dei hadde vore fiskarar på Genersaretsjøen og no fann dei fram att båt og reidskaper.
Jesus hadde møtt dei første gongen på desse strendene og kalla dei: Følg meg! Dei hadde forlatt båt og garn og gitt seg i følgje med han. I tre år hadde dei fått være med på ei reise dei aldri hadde drømt om. Desse åra hadde vore fulle av inntrykk og dei hadde lært.
Påskehendingane låg no bak dei. Dei hadde sett Jesus krossfest, men dei hadde òg møtt han som den oppstadne. Det hadde skjedd i Jerusalem. No var dei komne heim.
Det må ha gjort eit stort inntrykk, men kva følger dette skulle få for livet deire vidare? Det verkar som dei ikkje såg dette heilt klårt. Eg trur dei snakka mykje om det som hadde hendt. Så vart det vel nok for Peter. Han seier: «Eg vil ut og fiska». Alle vart med.
I lys av måneskinet kasta dei garna i sjøen, men kvar gong dei drog garna opp var dei tomme. Kan hende det var slik dei kjende seg òg. Sjølv om dei hadde møtt Jesus som den levande, så kjende dei på ein tomheit etter tre innhaldsrike år. Kan hende dei hadde sakna heimen òg.
Då det lysna av dag stod Jesus inne på stranda, men dei visste ikkje at det var han. Han baud dei kasta garnet på høgre sida av båten. Dei kasta garnet, og då greidde dei ikkje å dra det opp, så mykje fisk hadde dei fått.
Dei hadde møtt Jesus som den oppstadne to gonger medan dei var i Jerusalem. No møtte dei han heime, der dei var fødde og vaks opp, der slekta kom frå, der alt var kjent og kjært. Her møtte Jesus dei som den levanda. Han ville framleis væra i lag med dei. Peter vart så begeistra at han hoppa i sjøen.
Mange gonger hadde Jesus stadfesta for dei at han var Guds son, send frå Gud. Han stadfesta det gjennom teikn og under. No stadfesta han det det same med det største teiknet, de største underet: Han lever! Gud har reist han opp. Han har overvunne dødens makt.
Jesus vil væra med i våre liv, heime, der me bur. Alt som er viktig for oss er viktig for han. Alt som er nært, alt som er kjært for oss. Han vil være med oss kvar dag.
I Russaland helsar dei kvarandre: Kristus er oppstaden! Ja, han er sanneleg oppstaden! Det er det store teiknet om at jesus er komen for å frelse. Helsinga minner oss om at alt er nytt: Jesus lever og han er med den einskilde av oss der vi er - heime!
Arild Hellesøy, prost