MILK - MIniLeiarKurs


Kvar haust vert 10. klassingane inviterte til MILK. Dette er eit Minileiarkurs for dei som har lyst til å vera med som leiarar på Trusopplæringsdagane, i konfirmantarbeidet, i Refleks Ten Sing eller i barnekora våre. 

 

Milk står for Minileiarkurs og er utvikla av Norges KFUK-KFUM for å skapa unge leiare til klubb, Ten Sing og anna barne-og ungdomsarbeid, og for å få fjorårets konfirmantar med vidare i arbeidet i kyrkjelyden. 

På Voss samarbeidar kyrkja med Voss KFUK-KFUM. Samlingane er lokalisert til Vonheim og til Vonhaug. Dei siste åra har det vore mellom 10 og 20 deltakarar på desse kursa.

Tema me er innom er:

  1. Vær deg sjølv
  2. Stå opp for andre
  3. Mange slags leiarar
  4. Ungt ansvar, voksent nærvær
  5. Makt, kropp og grenser
  6. Leiar på leir
  7. Gudstjenesten og leiing

Alle deltakarane får ulike praksisoppgåver innafor barne- og ungdomsarbeidet i Voss KFUK-KFUM og i Kyrkja i Voss.

Tilbake