MILK - MiniLeiarKurs


MILK - MiniLeiarKurs


Kvar haust vert 10. klassingane inviterte til MILK. Dette er eit MIniLeiarKurs for dei som har lyst til å vera med som leiarar på Trusopplæringsdagane, i konfirmantarbeidet, i Refleks Ten Sing på Supertysdag eller i sundagskulen/Tweens-klubben. 

Milk står for Minileiarkurs og er utvikla av Norges KFUK-KFUM for å skapa unge leiare til klubb, Ten Sing og anna barne-og ungdomsarbeid, og for å få fjorårets konfirmantar med vidare i arbeidet i kyrkjelyden. 

På Voss samarbeidar kyrkja med Voss KFUK-KFUM. Samlingane er lokalisert til Vonheim. 

MILK består av:

  • Seks samlingar rett etter skuletid, kl. 14:30-17:30. (Alle samlingane startar med suppe og brød.)
    Det vert fire samlingar før jul og to samlingar pånyåret, i tillegg til ein overnattingstur.
    Første samling er måndag 7. september.
  • Ei praksisoppgåve. (Her er det fleire mogelege oppgåver. Me kjem fram til kva som vert di oppgåve i løpet av dei første to samlingane.)


Når kurset er slutt får deltakarane som har minst 75% oppmøte, eit kursbevis. Dette kan det vera kjekt å ha seinare.
MILK-leiarar er Rønnaug Skjeldal, kateket og ein frå Voss KFUK-KFUM.

Pris: 100,-. (Du får giro.)

 

Tema me er innom er:

  1. Vær deg sjølv
  2. Stå opp for andre
  3. Mange slags leiarar
  4. Ungt ansvar, voksent nærvær
  5. Makt, kropp og grenser
  6. Leiar på leir

Alle deltakarane får ulike praksisoppgåver innafor barne- og ungdomsarbeidet i Voss KFUK-KFUM og i Kyrkja i Voss.

Første samling vert i Vonheim måndag 7. september kl. 14:30 - 17:00. 

Me ynskjer at foreldre melder på kurset.

Påmelding skjer via dette  skjemaet  innan 6. september 2026. 

Spørsmål? Ta gjerne kontakt med Rønnaug Skjeldal, 95 26 20 25

Tilbake