Myndigheitene har no opna for at det kan feirast gudstenester i kyrkjene att.
Myndigheitene og sentrale kyrkjelege organ har kome med ein rettleiar for smittevern og gudstenestefeiring.
For å sikre at vi kan arrangere gudstenester på ein trygg og forsvarleg måte blir dei første gudstenestene i Voss Herad 21.mai, på Kristi himmelfartsdag. Då er det gudsteneste i Vangskyrkja kl. 11.00 og i Vinje kyrkje 19.30.
Forskriftene seier at me ikkje kan vere fleire enn 50 personar til stades. Korleis me løyser det veit me enno ikkje, men det kjem varsel i Avisa Hordaland, på vår side på facebook og her på heimesida vår om korleis det blir når me opnar att for gudsteneste.
I mellomtida vil det verte sendt andakter både 8. mai, 10. mai og 17. mai på nettsida til Avisa Hordaland.