Smitteverntiltak i gudstenester og kyrkjelege handlingar


Voss kyrkjelege fellesråd ynskjer at alle som kjem til kyrkjene våre skal kjenne seg trygge med omsyn til smitteførebygging. Me fylgjer smittevernrettleiaren, og informerer her om gjeldande retningslinjer og tiltak.

 

For å sikre trygg gjenopning av kyrkjene er det utvikla ein smittevernrettleiar for Den norske kyrkja. (Meir info nedst i saka.

No kan me ta i mot inntil 50 deltakarar (utanom tilsette) til gravferd, gudsteneste, vigsel og dåp, dersom det er gjort naudsynte tiltak for smittevern.  Me gjer merksam på at kyrkjene våre er ulike i storleik og utforming, og at det moglege talet på deltakarar kan variere innanfor maksgrensa. 

 

Deltakarregistrering 
Eit av dei naudsynte tiltaka er pålegg om å registrere deltakarar. Difor vil det ved alle samlingar i kyrkjene, verte ført lister med namn og mobilnummer til alle som møter fram. Listene vert førte på papir, og vert oppbevart i lukka konvolutt på ein trygg stad i 14 dagar. Deretter vert dei makulerte.  Listene vil berre nyttast dersom det oppstår eit utbrot av koronaviruset og myndigheitene ber om det.    

 

Reglar om smittevern gjeld alle samlingar og seremoniar. Det vil seie

  • Maksimalt 50 deltakarar utanom tilsette. 
  • Registrering av alle deltakarar og tilsette (namn og telefonnummer). 
  • Minimum 1 meters avstand, gjeld ikkje personar i same husstand.  
  • Gode rutinar for handhygiene – det vil stå handsprit ved inngangen. 
  • Du kan ikkje delta i samlingar dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon, sit i karantene eller i isolasjon.  

 

Andre tiltak: 

  • Det vil vere fysiske sperringar av benker i kyrkja, for å vareta avstandsregelen. Respekter sperringar, og evt tilvist plass frå tilsette. 
  • Informasjonsplakatar ved inngangsdøra, registreringspost og andre stader i kyrkja. 
  • Det vil stå handsprit ved inngang, døypefont, talarstol, alter. 
  • Ein vil som hovudregel ikkje nytte salmebøker. 
  • Presten informerer om særskilde rutinar undervegs. 
  • Me ønskjer takkoffer på Vipps i så stor grad som råd, for å unngå kø ved utgang. 
  • Det er ikkje høve for kyrkjekaffi. 
  • Evt. barnekrok i kyrkja vil vere stengd. 

 

Nattverd - særskilde tiltak 

Me nyttar berre særkalkar, evt eingongbeger der det er naudsynt. 

Nattverdskalkane står på ein eigen plass, med god avstand mellom, så ein kan unngå å ta på meir enn éin. Her vil prest informere tydeleg i gudstenesta, og det er viktig at ein følgjer dei beskjedane presten då gjev.  

Det skal ikkje vere direktekontakt mellom prest og dei som deltek i nattverd, av omsyn til smitte.  

Hald òg minst ein meters avstand i kø fram til nattverd. 

Prestane og andre tilsette har strenge rutinar på handhygiene, og har behandla utstyr, brød og vin så forsvarleg som råd. Dei har og tilgang til desinfeksjon i gudstenesta.  

 

Dåp 
Dåp kan gjennomførast med inntil 50 personar til stades, med gjeldande reglar om smittevern. Me tilbyr eigne dåpsgudstenester, så lenge situasjonen er uendra. Du kan lese meir om dåp, og melde barnet ditt opp til dåp her. Om du ikkje finn ein dato som passar, eller har andre spørsmål, ta kontakt med soknepresten eller kyrkjekontoret. 

Sokneprestane tek kontakt med alle dåpsfamiliar som har gjort avtalar/meldt seg på, og avklarar korleis dåpen skal skje. Det kan òg vere justeringar i tidspunkt. Sjølv om reglande kan endre seg, søkjer kyrkja å gjennomføre dåp som planlagd. 

Dåp kan elles gjennomførast på ordinær måte. Presten går gjennom dette med foreldre på dåpssamtale.  

 

Gravferd/Bisetjing
Gravferd kan gjennomførast i kyrkjer og kapell med maks. 50 personar til stades, og elles etter gjeldande reglar om smittevern. Reglane gjeld både i seremonirommet og på gravplassen. 

 

Vigsel 
Kyrkja ynskjer å gjennomføre planlagde vigslar, men har forståing om nokon vel å utsetje til eit seinare høve på grunn av restriksjonar og smittevern. Grensa på 50 personar, samt andre reglar om smittevern gjeld også her. Ta kontakt med kyrkjekontoret om du har spørsmål til ein vigsel som allereie er avtala, eller om du ynskjer å gjere ein ny avtale. 

 

Om smittevernrettleiaren 

All informasjon og alle retningsliner er i tråd med smittevernrettleiaren for gudstenester og kyrkjelege handlingar i Den norske kyrkja. Smittevernrettleiaren er utarbeidd av Kyrkjerådet i samarbeid med Bispemøtet, KA –arbeidsgjevarorganisasjon for kyrkjelege verksemder og styret i Norges kyrkjeverjelag. Rettleiaren har vore drøfta med aktuelle fagorganisasjonar i kyrkjeleg sektor og hovudverneombod for prestane. 

Rettleiaren er vurdert av Barne- og familiedepartementet 02.05.2020 og er i samsvar med Folkehelseinstituttets smittevernrettleiing. Kyrkjerådets arbeidsutval har godkjend rettleiaren til bruk i Den norske kyrkja 04.05.2020, og det vert gjort oppdateringa etterkvart.

Meir info om rettleiaren (inkludert endringslogg) finn du her

Me arbeider òg etter rettleiar for reinhald av kyrkjerom.

Me viser dessutan til samleside om smittevernråd frå KA og frå Kyrkjerådet.

 

Desse tiltaka er naudsynte for gjennomføring. Me vonar likevel at gudstenester og kyrkjelege handlingar kan gjennomførast på ein god og verdig måte. Har du spørsmål knytt til dette, ta kontakt med kyrkjekontoret. 

Tilbake