Her er link til tekstane for denne sundagen: https://www.bibel.no/Nettbibelen/Kirkearets-tekster
Inne på Bibel.no kan du lese frå heile bibelen, du kan lese ord for dagen, og finne bibelvers som passer for kva ein kjenner på og berer på. Sundagspreika er skriven av sokneprest Anders Hove.
Då eg var liten hadde eg lyst å reise, reise tilbake i tid, så fekk eg kanskje sett Jesus og oppleve han. Det er kanskje ikkje det born flest tenkjer på, men det er no slik det ein gong er å vere eit grublande prestebarn.
Men no er eg vaksen, og lever i koronatida sine kvardagar. Dagar der samhald blir prega av avstand. Kanskje kan det vise oss Helgetorsdagen, eller Kristi Himmelferd i eit nytt lys? Som ein dag med avstand og nærleik på eitt og same tid.
Det er eit reisemotiv i denne dagen. Jesus reiser opp til himmelen, for å kome nær oss, og bed oss om å gå med han ut i verda så vi kan gjere Jesus nær for kvarandre, og vise andre den veg Jesus har vist oss å gå. Ein veg som til slutt leier fram mot himmelens rike, ikkje der oppe i det blå, men heim til Gud.
Eg får ikkje reist tilbake i tid for å gå med Jesus og oppleve han. Totalt sett var det berre eit fåtal menneske som var på rett stad til rett tid, dei som var der då Gud vart menneske, og gjekk mellom oss. I Jesus tok det himmelske bustad på jorda som eit menneske, difor feirer me jula, hadde me feira Kristi himmelferd på same vis hadde me feira at menneske tok sin bustad i himmelen. Jesus steig opp med kropp og sjel, og det menneskelege fann sin plass hos Gud. Men slik skjer og det motsette.
For når Jesus tek avskil er ikkje det himmelske, det guddommelege, ferdig med jorda og me som bur her. Jesus gjekk frå å vere ein stad i tida, til å vere alle stader til alle tider. For kvart steg me går, går han med, og kvar glede og sorg i våre hjarte er også ei glede og sorg i hans. Kristus sende oss sin ande, så den kan reise oss opp. Kristus steig opp til himmelen med sin kropp, vi kan løfte vår sjel opp til han.
Kristi himmelferd er vår heimferd, samtidig sender den oss ut på ukjende vegar. Det konkrete og fysiske nærveret av Guds kjærleik er det vi som skal bere ut i verda, det er overlatt til oss. Av alt Gud har gjort, av stort og smått, er dette kanskje det mest dristige. At han stolar på at me er trufaste mot evangeliet, og deler dei gode nyhendene, deler Guds kjærleik og Hans nåde med verda.
Men om det enn er overlatt til oss, er me ikkje overlatne til oss sjølve. Gud er trufast mot oss, meir enn han ventar at me er trufaste mot Han. Han vil bere oss, om me skulle kjenne at det han har gjeve oss er for tungt å bere. Om vi held avstand, er Gud nær.
Og me har lært det desse siste tider, at nærleik ikkje treng bli hindra av avstand. Me er heldige som har måtar å vere nær kvarandre på, om me fysisk må halde avstand. Og slik er det med Gud: At Jesus reiste til himmelen, betyr ikkje at Gud ikkje er nær våre liv, og om me ikkje ser Han, så ser Han oss, og viser kan vise seg for andre gjennom våre liv.
Dei siste månadane har minna oss om, og vist oss at Jesus, ved å stige opp til himmelen er nær oss alle dagar, men og minna oss om at me kan erfare Kristi nærvær i kvarandre, men og at me skal vise og i stor grad er Kristus for kvarandre.
Det kan kjennast som eit overmåte stort ansvar, og kan gjere at eg kjenner meg liten. Men så er eg det. På mange måtar er eg framleis det vesle barnet som vil vere der Jesus er, same kor vaksen eg er vil eg alltid vere eit born. Først og fremst vil eg alltid vere det nest yngste bornet til mammen og pappen, men så vil eg og alltid vere Guds born.
Og same kvar eg er, så treng eg ikkje undre på korleis eg kan vere der Jesus er, for han er der me er, i alle tider i våre liv. Og gjennom våre liv er Herren hos oss, så Ordet, evangeliet om Guds nåde blir verksamt i våre liv. Dette oppdraget blir me minna om i kvar dåp, gjennom misjonsbefalinga, men når me blir minna om at me er send, blir me alltid minna om at Gud trufast går med, gjennom det, som i følgje evangeliet etter Matteus er Jesu siste ord før han for til Guds høgre hand:
Og sjå, eg er med dykk alle dagar.
Dagens bønn helgetorsdag:
Allmektige Gud,
du har opphøgd Son din Jesus Kristus
og sett han ved di høgre hand.
Vi bed deg: Gje oss din Ande,
så vi kan forkynna evangeliet for alle folkeslag,
inntil Kristus kjem att og gjer alle ting nye,
han som med deg og Den heilage ande lever og råder,
éin sann Gud frå æve til æve.
Amen