Voss kyrkjelege fellesråd lyser ut vikariat som diakon i 50% stilling, med tiltreding snarast.
Obs! ny søknadsfrist 23.august.2020.
Dette er eit 2-års vikariat med mogleg forlenging. Arbeidsområdet vil vere i alle dei seks sokna i Voss herad, med kontorstad Kyrkjekontoret i Uttrågata 5, på Voss.
Diakoni er kyrkja sitt omsorgsarbeid. Det spenner vidt frå inkluderande fellesskap, til nestekjærleik i praksis: samtalar, besøksteneste, seniortreff og andakt på institusjonar. Arbeidet omfattar også rekruttering, utrusting og oppfylging av friviljuge medarbeidarar, sorgarbeid, og førebyggjande arbeid, og samarbeid med stab, råd og utval etter føremål i utarbeidd diakoniplan.
Kvalifikasjonar:
Me søkjer etter ein person med erfaring frå kyrkjeleg arbeid. Gjerne med sosialfagleg eller helsefagleg bakgrunn. Kvalifikasjonskrav i samsvar med Tenesteordning for diakonar.
Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja.
Me søkjer etter ein person som er glad i mennesker, er fleksibel og som kan samarbeida og utvikla det diakonale arbeidet i Voss.
Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.
Me tilbyr
- Ei variert stilling og fleksibel arbeidstid.
- Eit godt arbeidsfellesskap med stor aktivitet.
- Løn, pensjon og arbeidstilhøve i fylgje tariffavtalar og avtaleverk for kyrkjeleg sektor.
- Kontor i Kyrkjetunet, vis a vis Vangskyrkja.
Særskilte krav
- Søkjar må ha førarkort og disponere eigen bil.
- Ved tilsetjing må søkjar leggje fram tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest, jfr. Kyrkjelova §29).
Søknadsfrist: 23.08.2020
Søknad: https://8007.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4253961622?link_source_id=0