Preike 3. sundag i treeiningstida: å sitja til bords i Guds rike


Preike 3. sundag i treeiningstida: å sitja til bords i Guds rike


Her er link til tekstane for denne sundagen: https://www.bibel.no/Nettbibelen/Kirkearets-tekster
Inne på Bibel.no kan du lese frå heile bibelen, du kan lese ord for dagen, og finne bibelvers som passer for kva ein kjenner på og berer på. Preika er skriven av sokneprest for Voss sokn, Anders Hove.

Me er vande med at toget går. Sjølv om det har vore ein uvanleg vinter og vår, er me i det store og heile vande med dette på Voss: at toget går. Og når toget går gjeld det å ha tatt plass. Sjølv om det er lenge sidan konduktørane ropa og baud oss, eller inviterte oss til å ta plass før dørene vart late att. Men før toget går må ein ta plass, kome seg om bord og bli med.

Her er det ikkje snakk om å kome seg om bord, men å sitje ved bordet, ta plass ved Herrens bord. Dette er eit blikk framover i tid, det vi høyrer om i evangeliet, samtidig er det noko vi og alt kan ta del i. Om vi i dag ikkje skal knele ved altaret, er nattverda likevel å ta plass ved Herrens bord, til fellesskap med Gud, og med kvarandre. Nattverden er ei heilag handling, eit sakrament, det er noko stort og flott i seg sjølv, men samtidig peikar det fram mot det å få sitja til bords i Guds rike.

Det å samanlikna den likninga Jesus fortel med ei togreise har visse likskapar, men så og ein veldig viktig forskjell.

Likt er det at toget går, at vi må ta plass før dørene går att. Det er kanskje ei av dei sanningane som er vanskeleg å møte. Men det kjem ei tid då toget går, då dørene går att, då me må velje om me vil ta plass ved Herrens bord. For nett som med å gå om bord på eit tog, kan me velje å ikkje sitje til bords i Guds rike. Men her kjem og forskjellane inn: For det første, til Guds rike treng me ikkje kjøpe billett. Den har Jesus betalt på krossen. Men så er det slik at når toget går, så går ikkje konduktøren rundt for å hente oss om me ikkje enno har kome. Om me let dagleglivets gjeremål stå i vegen for kallet om å gå om bord på toget, er det ingen som gjer noko med det. Men Gud vil ha oss ved sitt bord, difor kjem han oss i møte i dagliglivet for å rekke oss kallet, gje oss billetten til Herrens bord om att og om att.

Men så kan me også gå i den fella at me ikkje tek imot kallet, at me ser oss meir i lys av kva dette livet held fram som livgjevande og viktig, heller enn å ta imot det liv berre Gud kan gje.

Men likninga fortel oss også at festen i Guds rike er ope for andre enn dei som ein kunne tenkje seg høyrde heime. Det er også plass til andre, til dei som i Jesu samtid vart sett på som små, som ubetydelege, dei er store i Guds auge og fortener sjølvsagt plass ved bordet. Det er ikkje korleis vi framstår, anten som kristne eller som menneske generelt som har noko å seie for om vi får plass ved Herrens bord. Men korleis Gud ser oss, og at vi tek imot invitasjonen. Så for å fylle bordet var tenaren sendt ut til gater og torg for å kalle folk til bords, til evangeliet og livet. 

Kven er det som hadde blitt invitert om vi gjekk ut på gatene i dag for å naude folk om å kome? Det er ikkje så mange tiggarar i gatene våre her, utom nokon på sommaren. Dei fattige, eller dei som har det vanskeleg ser vi lite til, og har difor lett for å gløyme. Men kven er det som i det siste året har vore å finne i gatene og på torget?
No i det siste er gatene, og torget her på Voss blitt brukt i kampen for likeverd og menneskeverd. Imot det at hudfarge skal ha noko kvalitativt å seie om oss menneske. Ein kamp det er så viktig å stå opp for at det er mange som har gått ned på kne i støtte med dei som har kjempa mot rasisme og gudlaus undertrykking i århundre. Men det er og andre som har tatt til gater og torg. Born og unge har gjennom fleire fredagar streika for å få politikarar og oss vaksne til å innsjå at det er deira framtid me held i våre hender, vårt miljø, vårt klima skaper me for framtida. Noko som har minna oss om at me tek del i skaparverket og i nyskapinga av denne, på godt så vel som vondt.

Dette minner oss om at samfunnet ikkje ser likt på folk, sjølv om me ikkje ser eller kjenner det så er rasisme, så lenge det framleis finnast, både ukristeleg og menneskeleg. Det er ubehageleg å bli minna om at rasisme finnest, like ubehageleg som at klima og miljøet blir øydelagd av våre handlingar. Og at det toget held på å gå frå oss.

Teksten set i perspektiv kven som er verdige å sitje til bords i Guds rike. At det ikkje er dei som ser ut som, eller dei som framstår som verdige som får ta plass, men at det er me som tek imot kallet som får ta plass ved Herrens bord. Og me kan alt ta imot det kallet i dag i nattverda. Eit måltid som lenge berre var for dei som «fortente det», var det slik er det ikkje ope for nokon av oss, men nattverden er open for dei som vil svare på kallet og ta i mot. Gud gjer oss fortent til det, Gud betaler prisen for å sitje til bords, me treng berre rekke våre hender fram og ta imot.

Men så minner teksten oss også om kva det er som skjer i våre liv, i våre gater, på våre torg, eller kortare sagt: i vårt samfunn. Menneske blir undertrykt, klima og miljø blir undertrykt. Det er sjølvsagt ikkje gitt mine hender å sette ein stoppar for alt dette, men mine hender kan vere med å løfte det fram. Våre hender kan løfte det fram for Gud i bøn, men og løfte det fram for verda. Å svare på kallet er å ta imot, men også å bruke våre hender til å løfte fram og å bere med oss dei vi saknar, dei vi ser blir halde utanfor, dei som lid av andre og også av våre gjerningar, og skaparverket som lid.

Mine hender kan gjere lite med det, men våre hender kan gjere meir. Og om me legg det fram for Herrens hender vil han bere det med oss, og bere oss fram, så våre steg mot vår neste ikkje blir så tunge å gå, så vår byrde ikkje blir så tung å bere, men så vi kan bere evangeliet frimodig fram i verda, så alle som treng, alle som vil kan få møte evangeliet, møte Herrens hender i våre hender, og få invitasjon til å sitje til bords i Guds rike.

Billetten er betalt, vi kan ta den imot i nattverda, i livet, i takk og tilbeding, og dele vår billett og glede med verda. Og så kan vi no igjen, for første gang på ei stund få ta imot nattverdsmåltidet til trøst, til styrke, til liv og glede.

Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage ande, som var er og vera skal éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Tilbake