Ledig stilling som kontorleiar


Voss kyrkjelege fellesråd skal tilsetje kontorleiar i 80% stilling, med mogleg auke til heil stilling. Kyrkjekontoret for Voss er knutepunkt for kyrkjelege tenester i Voss herad. Kontorleiar skal koordinere og utføre kontortenester for administrasjon og stab.

 

Bilde får Pixabay.com

Kontoradministrasjonen består av dagleg leiar, kontorleiar, og to sekretærar i deltid. Staben har også to trusopplærarar, kateket, diakon, kantor, tre organistar, kyrkjetenarar og kyrkjegardsarbeidarar.  

Arbeidsoppgåver
  • Stillinga byr på varierte oppgåver innafor kontoradministrasjon, HR-relaterte
  • oppgåver, resepsjonstenester, rekneskap, og leiarstøtte.
  • Dagleg kontakt med publikum, og samarbeid med sokneråd og stab. 
  • Me nyttar Public 360, Office 365, og spesifikke fagsystem for gravplassforvalting, rekneskap (Visma) tidsrekneskap, og medlemsregister.
Kvalifikasjonar
  • Me søkjer etter ein person med erfaring innan kontoradministrasjon, helst innan offentlege tenester.
  • Du bør ha gode kunnskapar innan IT, og erfaring med bruk av ulike fagsystem innan offentleg forvalting.
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne.
  • Du må vere budd på å veksle mellom mange ulike arbeidsoppgåver innafor ein arbeidsdag, i møte med publikum og i samarbeidet med staben.
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidseigenskapar, kunne arbeide strukturert, og ryddig
  • Vere imøtekomande og kunne kommunisere godt med publikum
  • Kunne handtere fleire oppgåver parallelt.
  • Kunne vise til kjennskap til kyrkja sitt arbeid og organisering.
  • Søkjar må vere medlem i Den norske kyrkja 
Vi tilbyr
  • Eit godt arbeidsfellesskap med stor aktivitet.
  • Løn, pensjon og arbeidstilhøve i fylgje tariffavtalar og avtaleverk for kyrkjeleg sektor.
  • Kontor i Kyrkjetunet, vis a vis Vangskyrkja.
  • Tilsetjing etter nærare avtale. 

Søknadsfrist: 29.06.2020

Søknad: https://8007.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4253957495?link_source_id=0

Tilbake