Sommarkonsert med Marit Kristine Risnes (sopran) og Inger-Kristine Riber (klaver).
Både Marit Kristine Risnes (sopran) og Inger-Kristine Riber (klaver) burde vere godt kjende for mange vossingar. Dei har gleda oss med framføringane sine mange gonger og blir første utøvarar på sommarkonserten vår i Vangskyrkja onsdag 15. juli kl. 14. Begge to har solid musikkutdanning frå både Noreg og Tyskland, og dei gler seg til å framføre programmet sitt i Vangskyrkja. Som Marit, til dagleg busett i Sandnes seier: Det blir ikkje ordentleg sommar utan konsert på Voss!
Me gjer merksam på at av smittevernhensyn er me pålagde å registrere namn og telefonnummer til alle som kjem på konsert. Informasjonen vert teke vare på i 10 dagar før den vert makulert. Smittevernreglar avgrensar også kor mange tilhøyrarar det vert plass til.