T4 - Barnebibel for Granvin sokn


T4 - Barnebibel for Granvin sokn


Fireåringane i Granvin er hjarteleg velkomne til gudsteneste der dei får kvar sin barnebibel.

Kva skjedde den gangen vatnet sto høgt over Granvin? Søndag 15. november er alle fireåringar (fødde i 2016) inviterte til å vere med på gudsteneste og til å helse på løva..., ja den heiter faktisk ikkje noko. Kanskje nokon har ein god idé til namn? Løva opplevde altså at heile Granvin sto under vatn...Heldigvis så kjem ikkje det til å skje igjen. Det har Gud lova. Faktisk så sette han regnbogen på himmelen som teikn på at dette aldri kjem til å sje igjen. 

Det er ei snill løve. Ho har til og med med seg ein barnebibel til kvar av fireåringane. 

Dette vert ei kort gudsteneste, der borna er i fokus. Velkomne!

Påmelding til kyrkjelydspedagog Camilla Velsvik, 995 18 194.

Invitasjonen finn de her

Tilbake