Om brev frå kyrkjerådet til tilhøyrande medlem


I det siste har kyrkjerådet sendt ut brev til alle tilhøyrige. Fleire i våre sokn har kanskje fått brev og lurar på kvifor.

 

Kyrkjerådet held på å rydde i systemet dei har med såkalla tilhøyrande medlem. Dette er born under 15 år, som ikkje er døypt, men der ein eller begge av foreldra er medlem av Den norske kyrkja. Dette er ikkje medlem av kyrkja, men personar som får tilbod om det same som medlemene, basert på at ein eller begge av foreldra er det.

På Voss har me eit eige system der me registrerer born som ynskjer å få invitasjoner til trusopplæringsdagar og andre tiltak. Alle som ynskjer å vera med i trusopplæringa vår kan vere med. Anten dei er døypt eller ikkje.

Det viser seg at det har vore nokre utfordringar knytt til det sentrale systemet. Nokon som har vore døypt, har vore rekna som tilhøyrande. Feilen ligg i registreringa av dåpen i våre digitale system. Dette blir no retta opp i. Til no har alle som har vore registrert som tilhøyrande fått det same tilbodet som dei døypte.

Me vonar det ikkje er mange som vil oppleve feil, men me veit der nokon. Ta kontakt med oss om noko er uklart, så vil me vere til hjelp for å finne ut av, og rette opp i feil.

Og vil nokon som ikkje er medlemer vera med på trusopplæringsdagar eller andre ting, må de gje oss beskjed slik at me kan oppdatere våre eigne lister.

Spørsmål om dåp? Sjå sidene våre om dåp, eller kontakt kyrkjekontoret.

Tilbake