Andakt 2. sundag i openberringstida: Eit rop i øydemarka


Sundagspreika er skriven av Anders Hove, sokneprest i Voss sokn. Tekstane for 2. sundag i openberringstida finn du her: Tekstane for kyrkjeåret
Inne på Bibel.no kan du lese frå heile bibelen, du kan lese ord for dagen, og finne bibelvers som passer for kva ein kjenner på og bêr på.

Vil du lese meir om openberringstida? Her finn du meir om openberringstida.

 

Bilete av Jesu dåp frå Vangskyrkja

Eit rop i øydemarka.

I min ungdom var eg keeper. Då var det av og til eg stod bak på bana og ropa, og eg måtte rope høgt, så eg vart høyrd. Døyparen Johannes måtte også rope høgt for å bli høyrd. Det var mange som ville høyre han, det var ein ting, men så hadde han og ein viktig bodskap han ville få fram. Som keeper ropa eg mest om kvar det var rom me måtte passe på så motstandaren ikkje kunne nytte dei. Johannes, han ropar ut for å kalle oss inn. 

Det kan vere fleire av oss kjenner trongen til å rope ut no i dag, for å få ut spenning og frustrasjon. Me er inne i ein ny periode der me helst ikkje skal treffast, helst skal ha heimekontor, og der me ikkje kan ha gudstenester.

Johannes ropa ut for å kalle oss inn, han stod i øydemarka for å vise veg. Øydemarka, eller ørken som det også kan kallast, har ein viktig plass i Bibelen. Det er ein stad for prøving, også for Jesus som vart driven ut i øydemarka etter dåpen. Men øydemarka er meir enn ein stad for prøving. Alt var øydemark før Gud let Anden sveva over vatna og gav ljos. Det er også ein stad for Guds frelse, og for håp som veks fram. Øydemarka er også den staden der Israel får brød frå himmelen og vatn frå klippa – liv frå Gud.

Øydemarka kan vere prøvande og vanskeleg. Me har kjend på det i vår vandring gjennom den tida me er i no, som av og til kan kjennast som ei øydemark. Når me no ikkje kan ringe inn til gudsteneste, er det godt at det er nokon som står fram, ropar ut og peiker på dåpen, peiker på Jesus. Me treng Johannes no. Mest fordi han står fram for å tre til sides. Når han har varsla Jesu komme, så gjer han det klårt at det er Jesus som er den som er vegen ut av øydemarka. Johannes står i øydemarka for å vise veg, bringe håp og å forkynne frelse. Han står fram for å peike på Jesus. For Jesus er framleis vegen, sanninga og livet.

Før Johannes trer til sides for Jesus, går Jesus ned i vatnet med han, for å la seg døype. Jesus let seg døype med vatn slik me også denne sundagen, skal ha dåp med vatn – men også med Ande. Anden svever ikkje lenger berre over vatnet. I dåpen blir me Guds barn, fødd på nytt av vatn og Ande.

Johannes sitt rop i øydemarka denne sundagen hjelper oss å hugse på at Gud er nær, også om kvardagen og livet somme tider kan kjennast som ei øydemark. Og me kan også vere nær kvarandre. Med meldingar på sosiale media, mail, og telefon kan me vere nær, sjølv om me må halde fysisk avstand. Og om me ikkje kan samlast til gudsteneste på ei lita stund kan me likevel få kome til Gud, med alt vi berer på av godt og vondt.

Høyr på ropet i øydemarka, ta imot kallet frå Johannes, for Jesus er nær også i denne tid prega av avstand. Les gjerne i Bibelen, eller bruk Bibelen på nett til å oppdage nye sider av trua, og av den treeinige Gud i denne tida.

 

Bøn for dagen 2. søndag i openberringstida
Heilage Gud,
du lét den elska Son din bli døypt for å bera synda i verda. Vi bed deg:
Forny oss i dåpen vår,
så vi alltid følgjer etter Jesus Kristus, vår Herre,
han som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve.
Amen.

Takkofferet skulle i dag gått til kyrkjelydsarbeidet, der som du ønskjer å støtte det kan du bruke Vipps ved å skrive "Vangskyrkja" eller nr 127376

Tilbake