Andakt 7.februar, Kristi forklåringsdag


Andakt 7.februar, Kristi forklåringsdag


Sundagspreika er skriven av Anders Hove, sokneprest i Voss sokn. Tekstane for Kristi forklåringsdag finn du her: Tekstane for kyrkjeåret
Inne på Bibel.no kan du lese frå heile bibelen, du kan lese ord for dagen, og finne bibelvers som passer for kva ein kjenner på og bêr på.


Her er eit bilete som kan brukast til å fargelegge for små og store: KRISTI FORKLÅRING

Då eg var liten bygde me hytter. Eg vart aldri nokon byggmeister, og kan ikkje skryte på meg å ha bygd mange hytter, men i alle fall tre av dei kan eg minnast. Me tok ikkje så mange bileter av desse hyttene, i alle fall ikkje som eg veit om. Hadde eg hatt bileter hadde det vore i papirformat, langt unna nett og sosiale media. Me var og for opptekne med leiken til å tenkje på dette med bilete. Me hadde alt vårt fokus på det me var med på.

Peter, Jakob og Johannes, dei var der det skjedde. Då Jesus viste seg som meir enn eit menneske. Saman med Moses og Elia, lovgjevaren og profeten, såg dei Jesus i eit nytt lys. Dei vart nok overraska, og det står at Peter ikkje heilt visste kva han sjølv sa. Kan vere han ikkje visste kvifor heller, men han foreslo at det skulle byggast hytter.

Det vart ikkje noko hyttebygging, kanskje like greitt. Læresveinane var for det meste fiskarar, det var Jesus som var tømrar. Dei hadde kanskje fått til noko dugande, men Jesus visste at det var ikkje her dei skulle vere. Om det enn var eit slags mellombels toppunkt i Jesu «karriere», så kunne han ikkje bli sitjande der oppe i nabohytta til Elia og Moses. Jesus måtte vidare, vegen gjekk vidare, ned frå fjellet, nedover mot det jordnære att, fram mot kross og død.

Men då dei først fekk summa seg, hadde dei nok lyst til å dele det dei hadde opplevd med så mange som råd.

Me er vande med å dele det me opplever, gjerne helst medan me opplever det. Kanskje er me så opptekne av å dele det me opplever, vise andre at me er der det skjer, at me faktisk gløymer å vere der det skjer, eller gløymer å vere i det som skjer.

Peter, Jakob og Johannes hadde nok ikkje tilgong på nett og sosiale media, så det var ikkje der det var fare for å dele, men dei ville nok gjerne fortelje. Det dei hadde opplevd var jo på ingen måte kvardagsleg, men meir som eit under. Men på veg ned frå fjellet fekk dei beskjed av Jesus om at «dette blir mellom oss».

Det er ikkje så underleg som ein skulle tru, at Jesus bad dei halde det hemmeleg. Jesus hadde nok ikkje så stor tru på kva vitnesbyrd om store hendingar kunne bidra med. Han såg at folk gjerne ville ha brød og sirkus – show – Jesus ville ha etterfølgjarar. Han visste at ei tru som berre hadde store opplevingar som grunnmur, neppe ville stå seg mot vær og vind. Det viktigaste teiknet å vitne om stod framleis føre han: krossen. Det var der den verkelege herlegdomen skulle synast fram.

Kva hadde me gjort om me møtte Jesu herlegdom i dag? Hadde me set det gjennom mobilen, eller hadde me latt mobilen vere for å kunne vere der i augneblikket?

Me kan møte Guds ord gjennom sosiale media og nett, no når det å samlast fysisk til gudsteneste ikkje er så lett. Men så kan me også møta Jesus ved å legge frå oss mobilen og samle våre tankar i bøn.

Slik kan me sjølv få eit møte med den oppstadne Herre og frelsar, i eit meir strålande lys enn på Kristi forklåringsdag. Og i lys av den oppstadne Herre og frelsar kan me sjå våre liv i eit nytt lys; som Guds born.

Det skulle ikkje byggast noko hytte for Jesus der på fjellet, for Han opnar for oss ein heim i himmelen ved å gå ut av forklåringas lys og mot krossen og dødens mørker. Og der skin eit anna lys for oss, eit livsens lys som ikkje berre viser oss kven Jesus verkeleg er, men som og viser oss vår veg heim til Gud. 

Ære være Faderen og sonen og Den heilage ande som var, er og blir ein sann Gud frå æve og til æve.

Dagens bøn Kristi forklåringsdag
Heilage Gud,
du openberra din herlegdom i Jesus Kristus. Vi bed deg:
Hjelp oss å søkja dei djupe mysteria i vår tru,
så vi kan sjå deg i Jesu Kristi andlet,
han som med deg og Den heilage ande lever og råder,
éin sann Gud frå æve til æve.
Amen.

Takkoffer
Takkofferet i Granvin i dag går til Bibelselskapet: VIPPS 530947
Takkofferet i Vangskyrkja i dag går til Misjonsprosjektet: VIPPS 505877

Tilbake