Velkomen til open jolefeiring 24.desember


Også i år vert det invitert til open jolefeiring hjå Frelsesarmeen der du er hjarteleg velkomen!

Det vert god jolemat, song og underhaldning saman med andre kjekke folk.  

 

 

Me startar kl.17.00 og avsluttar ved 20-tida. Middagen kostar 100 kr. Møtestad er hjå Frelsesarmeen Voss, Lekvemoen 11.

Ynskjer du å melde deg på som deltakar eller frivillig sender du ein e-post til post@voss.frivilligsentral.no eller ring/send sms til 971 77 985 (Voss Frivilligsentral, Pernille) innan 19. desember. Kontakt oss om du treng transport.

Open jolaftan er eit samarbeid mellom Frelsesarmeen Voss, Røde Kors Voss, Kirkens Bymisjon Voss, Kyrkja på Voss og Voss Frivilligsentral.

Her kan du sjå invitasjonen. 

 

 

 

Tilbake