"Magnus Lagabøte. Kongen som i 1270-åra både bøtte lovene og redda Vangskyrkja" Hjarteleg velkomne til markering av verdiåret 2024!
26. mai markerer Voss sokn verdiåret 2024, først ved ei høgtidsgudsteneste klokka 11:00 i Vangskyrkja. Etter kyrkjekaffi vert det foredrag i kyrkja klokka 13:00 ved middelalderarkeolog og forfattar Alf Tore Hommedal. Han skriv sjølv:
Magnus Lagabøte. Kongen som i 1270-åra både bøtte lovene og redda Vangskyrkja
Me er inne i det store lov-jubileumsåret 2024. I år kan me markera 1000 år med kristen tankegang i norsk lovverk, gjennom at Kristenretten skal vera vedteken ved eit ting på Moster i 1020-åra, kanskje i 1024. Me kan også feira at det er gått 750 år sidan Noreg i åra 1274-1276 fekk vedteke ei sams lov for heile landet – ei Landslov.
Begge lovendringane fekk store konsekvensar også for samfunnet på Voss. Kong Magnus Håkonsson gjennomførte i styringstida si (1263 – 1280) eit omfattande lovrevisjonsarbeid og fekk seinare tilnamnet Lagabøte – lovbøtaren eller lovreparatøren. Men det er også kong Magnus å takka at Vangskyrkja ikkje fall saman under bygginga i 1260- og 1270-åra.