Konfirmant 2026


Konfirmant 2026


Her finn du konfirmasjonsdatoane våren 2026 og korleis du får informasjon om konfirmantåret.

I overgangen april - mai får alle 14-åringar som står i medlemsregisteret vårt, brev i posten med informasjon om konfirmantundervising skuleåret 2025-2026. I brevet finn de òg informasjon om korleis ein melder seg på som konfirmant i kyrkjene våre. All info me sender i posten vert òg lagt her på nettsidene våre.

Me planlegg informasjonsmøte i Vangskyrkja tysdag 20. mai for konfirmantar og føresette. 

 

Vangskyrkja

Me set i utgangspunketet opp konfirmasjon etter kva klasse konfirmantane går i på Voss ungdomsskule. Om tidspunktet vert vanskeleg, kan me i dei fleste tilfelle, byte dag.

A-klassen: Laurdag 2. mai kl. 10:00
B-klassen: Laurdag 2. mai kl. 12:00
C-klassen: Sundag 3. mai kl. 10:00
D-klassen: Sundag 3. mai kl. 12:00
E-klassen: Laurdag 9. mai kl. 10:00
F-klassen: Laurdag 9. mai kl. 12:00
G-klassen: Sundag 10. mai kl. 11:00

 

Oppheim kyrkje

Laurdag 30. mai kl. 11:00 

 

Granvin kyrkje

Sundag 3. mai kl. 11:00

 

Evanger kyrkje

Helgetorsdag 14. mai kl. 11:00

 

Raundalskyrkja

Me finn ein høveleg dag i lag med dei som vil konfirmerast her.

Tilbake