Minnegudstenester allehelgensdag


Minnegudstenester allehelgensdag


Sundag 2. november er det helgemesse/allehelgensdag som vert markert i alle våre sokn. Der vert pårørande og familie som har mista ein av sine invitert til ei minnegudsteneste med rom for sorg og sakn.

Foto: Helene Moe Slinning/DNK

Denne dagen er også for oss alle som har mista nokon vi var glade i, uansett om det er gått få eller mange år.

For mange er denne dagen ein minnedag, då tankane våre går til dei som ikkje lenger er mellom oss. Mange går til kyrkjegarden, på grava eller minnelunden denne dagen, for å minnast dei som er døde og tenna lys. Vi i kyrkja ser ikkje berre dei vakre lysa, vi ser òg at livet er skjørt og sårbart og vi alle treng håp. Denne dagen vert liva våre sette i ein større samanheng.

På dei ulike minnegudstenestene vil me minnast og lesa opp namna på dei som er gravlagde i sitt sokn sidan sist minnegudsteneste, i innråming av vakker musikk.

For nokon har det har det gått eitt år, for andre kortare tid, for dei fleste vil det opplevast som kort tid sidan dødsfallet og saknet er sårt. Vi ynskjer difor å invitera dykk til ei stille stund i kyrkja på allehelgensdag, der de er av omgjevne av menneske og Gud i sorga.

Vi sender ut ein invitasjon via brev til dei som er pårørande siste året, men her er alle velkomne år etter år. Ein dag der vi alle minnes våre.

Minnegudstenenster sundag 2. november 2025:

Minnegudsteneste/-konsert i Evanger kyrkje kl.11.00

Minnegudsteneste for Voss i Vangskyrkja kl.17.00

Minnegudsteneste i Raundalskyrkja kl.17.00

Minnegudsteneste i Granvin kyrkje kl.19.00

Minnegudsteneste i Oppheim kyrkje kl.19.30

Det vil også vere ope i Vangskyrkja kl. 12.30- 14.00. Der er alle som saknar sine, hjarteleg velkomne innom for ei stille stund med roleg musikk. Her kan du sitte ned og tenne ljos. Der vil også være nokon å snakke med av tilsette i kyrkja om du ynskjer det.

Kyrkja tilbyr også sorggruppe. De finn ein eigen artikkel om dette på nettsida vår: https://voss.kyrkja.no/Artikler/Artikkeldetaljer/ArticleId/5612/Velkommen-til-open-sorggruppe-hausten-2025

Tilbake