Voss kyrkjelege fellesråd skal tilsetje kyrkjeverje / dagleg leiar i fast heil stilling frå 1. august 2025.
Stillinga vil ha ei sentral rolle i fellesrådets administrative leiing og med utvikling av organisasjonen. Stillinga krev ein handlekraftig og strukturert person med gode samarbeidsevner.
Det er Voss kyrkjelege fellesråd som tilset kyrkjeverje. Kyrkjeverja er dagleg leiar, arbeidsgjevar for meir enn 25 medarbeidarar, og den som førebur og følgjer opp vedtak som vert gjort i rådet.
Voss kyrkjelege fellesråd er eit offentleg organ som forvaltar kyrkjebygg, gravplassar og felles økonomi for sokneråda. Kyrkjekontoret for Voss, i Uttrågata 5, er knutepunkt for kyrkjelege tenester i Voss herad. Kontoradministrasjonen består av dagleg leiar (kyrkjeverje), assisterande kyrkjeverje, og tre sekretærar i deltid. Fellesrådet har ansvar for over 25 medarbeidarar, 7 kyrkjebygg, og forvalting av 10 gravplassar. Dei seks sokna, der Voss sokn er størst, har eit aktivt kyrkjelydsliv med gudstenester og kyrkjelege handlingar som dåp, vigsler og gravferder samt konsertar og kulturarrangement. Kyrkja har ei rekkje tilbod for ulike alders- og målgrupper.
Stillingstittelen "kyrkjeverje" har røter i den norske kyrkja og refererer til ein person som har ansvar for å forvalte og vedlikehalde kyrkjebygg og eigedomar. Ordet "verje" kjem frå gamalnorsk og tyder "verge" eller "beskytte". Ein kyrkjeverje har tradisjonelt hatt ei viktig rolle i å sikre at kyrkja og tilhøyrande eigedomar blir tatt godt vare på, både fysisk og økonomisk.
I dag er stillinga ei administrativ stilling som i hovudsak krev god kompetanse innan organisasjonsutvikling og økonomi, inkludert personalforvalting. Stillinga krev også kompetanse innan offentleg forvalting.
Det som kanskje er mest spesielt med denne stillinga, er variasjonen i arbeidsoppgåver, og moglegheita for å påverke dette. Du vil kunne dra nytte av din eksisterande økonomikompetanse og rekneskap, byggkompetanse, anleggsfag, personaladministrasjon, offentleg forvalting, eller rettslære. Du vil få høve til å styrkje kompetansen din innafor alle desse fagfelta.
Stillingsutlysing er under utarbeiding og vert kunngjort etter påske.
Interessert? Ta kontakt med Kyrkjeverje Svein Tøsse, mobil 95979905 epost st545@kyrkja.no