Ledig stilling


Ledig stilling


Voss kyrkjelege fellesråd har ledig ei 50 % stilling som kyrkjelydsarbeidar (vikariat).

Kyrkjelydsarbeidar 50 % vikariat

Voss kyrkjelege fellesråd søkjer ein engasjert og kreativ medarbeidar i eit 50 % vikariat innanfor kyrkjeleg undervising og læring, frå snarast og fram til juni 2026 med moglegheit for forlenging og større stillingsprosent.

Me ser etter ein person som:

  • Likar å være i lag med born og unge. Erfaring frå barne og ungdomsarbeid er ein fordel
  • Trygg på å ta ordet og snakke i små og store forsamlingar
  • Har gode samarbeidsevner og evne til å jobbe sjølvstendig
  • Kjend med vanlege dataverktøy og kan setje seg inn i våre program

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegga og gjennomføra tiltak i kyrkjeleg undervising og læring (T-dagane) saman med andre i staben og frivillige
  • Vere med i barne- og ungdomsarbeidet i kyrkja

Me kan tilby:

  • Opplæring/innføring i dei ulike tiltaka me gjennomfører for born og unge
  • Eit godt arbeidsfellesskap med tilsette og frivillige
  • Løn etter KA sitt regulativ

Du må vere medlem av Den norske kyrkja, ha førarkort og disponere bil.

Politiattest må leggjast fram før ein byrjar i stillinga.

Oppstart: Snarast eller etter avtale

Søknadsfrist: Søknader vert vurdert fortløpande

Kortfatta søknad sendes til: kv934@kyrkja.no.

For nærare opplysningar kontakt Kjersti V. Helland/Rønnaug Eng Skjeldal på telefon 56523880

Tilbake