Samisk-norsk gudsteneste i Vangskyrkja


Samisk-norsk gudsteneste i Vangskyrkja


Fredag 6. februar markerer me samefolkets dag med samisk-norsk gudsteneste i Vangskyrkja kl. 19.00.

Foto: Jacqueline Macou  / Pixabay

Liturgien vert på samisk med melodiar komponert av Halvdan Nedrejord frå Karasjok, inspirert av tradisjonell samisk musikk.

Tekstar og preike vert på norsk.

Kvifor 6. februar?

Sametinget såg det som nyttig for si sak å ha eigne nasjonale symbol som eige flagg og ein eigen nasjonaldag.

Det vart diskusjon korleis flagget skulle formast og kva dag som skulle markerast.

Dei vart samde om å feira 6. februar til minne om det første landsmøtet for samar i heile Noregs land. Det fann stad i Metodistkyrkja i Trondheim 6. februar i 1917.

Velkomne til gudsteneste!

Tilbake