Velkomen til Vossakyrkjemessa i Vangskyrkja søndag 31. mai kl. 11.00!
31. mai feirar vi Vossakyrkjemesse i Vangskyrkja. Vossakyrkjemessa er ei årleg feiring av den vakre kyrkja vår, som vart innvigd den 25. mai i 1277. Til neste år er det 750-års jubileum, som skal markerast stort. I år blir det ei vanleg markering, der vi startar med ei festgudsteneste klokka 11.00. Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi i Prestegarden eller utanfor kyrkja dersom vêret er bra. Så blir det eit foredrag i kyrkja ca. klokka 13.00.
I år er det 800 år sidan Frans av Assisi døydde, og vi tenkjer at det er eit godt høve for oss å lære litt meir om han. Frans er ein av dei viktigaste enkeltpersonane i kyrkjas historie, og professor Alf Tore Hommedal, vil gi oss meir innsikt i korleis det vart slik, og kvifor Frans framleis er relevant i vår tid. Han har gitt foredraget sitt denne tittelen:
«Herren gav meg brødre.» Om italienaren Frans av Assisi (1182-1226), om fransiskanarordenen og om trongen for fransiskanske haldningar både i mellomalderen og i vår samtid.
Velkommen!