Sundagspreika på Maria bodskapsdag


Sundagspreika er skriven av Anders Hove, sokneprest i Voss sokn. Tekstane for Maria Bodskapsdag finn du her https://www.bibel.no/Nettbibelen/Kirkearets-tekster
Inne på Bibel.no kan du lese frå heile bibelen, du kan lese ord for dagen, og finne bibelvers som passer for kva ein kjenner på og bêr på.

 

Nåde hos Gud

Den ukjende tida vi er inne i held fram. Men dag for dag blir situasjonen meir kjend og vand for oss, og vi lærer oss korleis kvardagane skal kunne gå. Men det er framleis noko usikkert ved det, og det er nok fleire som er urolege og kjenner seg åleine i denne situasjonen og i dei dagane som no er.

Slik var det kanskje for Maria også. Teksten fortel om undring, men og om Maria sitt fromme og opne svar. Men kanskje var det meir underliggande her som ikkje kom fram. Dagane som låg føre ho var ukjende. Josef, som Maria var trulova med, visste ikkje om det, og ho visste ikkje korleis han kom til å reagere. Og kva ville andre tenkjer når ho fortalde at ho skulle føde ein son som skulle kallast Son til Den høgste?

Det er ikkje unaturleg om Maria hadde kjend seg einsam, usikker og redd. Slik fleire kanskje gjer no i desse dagane. Det ville vore naturleg for ho å reagere slik, fordi heile situasjonen kanskje kunne kjennest litt unaturleg.

Jomfrufødsel er ikkje den naturlege måten dette skjer på. Jomfrufødsel er faktisk ikkje til å forstå og nesten ikkje til å tru. Og det kan gjere mang ein prest brydd, dersom ein må tale om det. Men Maria reagerte med å stole på Gud. Ho skulle bere fram nytt liv i sitt indre.

Maria Bodskapsdag minnar om at det er vel 9 månader til jul. I det liv som veks fram under Maria sitt hjarte blir himmel og jord bunde saman. Det guddommelege møter oss i det menneskelege når Jesus blir fødd i stallen.

Vi høyrer ikkje mykje om korleis svangerskapet var, sjølv om det var prega av ei reise til slektningane Elisabeth og Sakarja heilt i starten, og slutta av med ei reise til Betlehem. Vi høyrer ikkje så mykje om Maria i Bibelen, sånn eigentleg. Vi møter ho mest i randsonene av frelseshistoria, men når ho står fram, står ho der klart og tydeleg, i undring og glede som no, og i sinne og uro i tempelet da Jesus stakk av, i sorg ved krossen, og undring og glede att i lys av oppstoda. Vi møter ho som Mater Dei og Mater Dolorosa, som Guds mor og som sorgens mor. På dagen i dag syng vi med i lovsong, undring og glede.

Engelen møter Maria andlet til andlet med helsinga: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» Men engelen ser hennar undring, og kanskje hennar redsel og seier vidare «Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.»

Slik møter det guddommelege det menneskelege, med nåde. Og i det barn Maria bar fram under sitt hjarte blir også vi møtt med nåde, ein nåde som gjev nytt liv i dåpen. Vi berer slik også nytt liv i vårt indre, vi berer eit under i vårt hjarte. Som prest berer eg stadig fram under, gjennom heilage ord, gjennom dåpens vatn, og brød og vin. Men under kan blir følgd av tvil, og liten evne til å ta i mot, ta inn over seg og forstå – også hos meg som prest. Mest er det min evne til å ta imot, og innover meg og å forstå kva eg kan ta imot som blir vanskeleg – for eg vil forstå kvifor, og kanskje fordi eg og kan kjenne litt på tvil av og til. Kanskje er det slik at det er lettare å bere fram eit under, enn det er å tru på det?

Underet er ikkje avhengig av vår overtyding, eller av Maria si. Det viktigaste er at vi berer det. Og at vi berer det i våre hjarte.

Vi skal no stå saman, ved å halde avstand. Livsens under som vi får i dåpen, det same under som Maria bar under sitt hjarte og som vi berer i våre hjarte, er eit element av nærleik på avstand: I våre hjarte er livets gåve alltid nært, men det evige liv er der framme – i ei ukjend framtid.

I denne tid som er vår, den tid vi no står i, kan det vere godt å søkje det kjende, for trøyst, for nærleik på avstand. I Gud har vi alltid denne nærleiken, denne trøysta, den kjærleik som alltid er oss nær, men vises i avstand: I kva Gud har gjort for oss, før oss og som venter oss. Denne trøysta og nærleiken kan no vere god å kjenne på, når vi kjenner på uro og redsel for kva morgondagen bringer kan vi finne fred og trøyst i engelen sine ord til Maria, som også er Guds ord til oss:
«Ver ikkje redd! For du har funne nåde hos Gud.»

Tilbake