Frå 1. oktober 2018 får ikkje Den norske kyrkja lenger vite når medlemer får born. Ei 400 år gamal ordning vert oppheva, og med dette kan ikkje kyrkja lenger sende ut invitasjon til dåp til nyfødde.
I mange år har kyrkja fått fødselsmeldingar frå Folkeregisteret når medlemer i Den norske kyrkja har fått born. På den måten har det vore lett for kyrkja å kontakte dei nybakte foreldra og invitere til dåp, og samstundes informere om det tilbodet kyrkja har for born og foreldre. Ei endring i Folkeregisterlova gjer at ingen trudomssamfunn lenger vert informert når medlemer får born. Born som har foreldre der ein eller begge er medlemer i Den norske kyrkja har til no vore rekna som «tilhørige». Born fødde før 1. oktober 2018 har fremdeles denne tilknytinga, medan born fødde f.o.m. denne datoen ikkje vert automatisk registrerte. Som fylgje av lovendringa får kyrkja ei utfordring når det gjeld å kommunisere moglegheit for dåp til nybakte foreldre. Ein må i større grad tenke på annonsering i relevante media, og på dei stader der ein kan nå målgruppa.
Det er viktig å merke seg at foreldra framleis har høve til å ta kontakt med kyrkja og registrere borna som tilhørige, uavhengig om dei i fyrste omgang ynskjer dåp eller ikkje. Det vert også i større grad opp til foreldra å ta kontakt med kyrkja for å melde barnet opp til dåp.
Har du spørsmål til dette, eller kanskje gode forslag til korleis me skal nå ut med informasjon om dåp må du gjerne ta kontakt med kyrkjekontoret!
Velkomen til dåp!