Konfirmasjon
Alle er velkomne til konfirmasjon i kyrkja!

Både du som trur, tvilar, er usikker, ikkje trur, ikkje har tenkt på sånt før eller er nysgjerrig er velkomen som konfirmant. I konfirmasjonstida kan du utforske mange viktige spørsmål saman med andre – uansett kva utgangspunkt du har. Som konfirmant får du mange nye opplevingar, og du får lære meir om Gud og deg sjølv. Klikker du på biletet over her kjem du til ein film som fortel litt om konfirasjonen.