Program for konfirmantane 2020 - 2021

Konfirmantane følgjer undervising i sine grupper. Datoar får dei av gruppeleiaren.

Temadagen 13. november er AVLYST grunna smittesituasjonen.

Fredag 13. november er det temadag i Vonheim.

Dette er planleggingsdag i skulen og konfirmantane har fri på dagtid. 
Tema er: Håp for verda og håp for meg.
Det er eit mirakel at me er født. Det er ei sjølvfølgje at me skal dø. Me får besøk av gravferdsbyrået som vil fortelja korleis dei arbeider inn mot gravferd.  Dei vil antakeleg visa oss ei kiste og korleis. Me snakka om om korleis ting blir gjort i praksis når nokon døyr og korleis me kan reagera på å møte død og sorg. Og me vil snakka om det kristne håpet om kva som skjer etter døden. Det vert servert pizzabollar og me har god tid til å vera i lag.

Klasse A, B og C møter i Vonheim kl. 09:00 - 12:00.

Klasse D, E og F møter i Vonheim kl. 13:00 - 16:00.

Leiarar denne dagen er Anders Hove, Camilla Velsvik, Vetle Leksbø, Rønnaug Skjeldal og Astrid Gjestvang.

Lysmesse

Fredag 4. desember vert det lysmesse i Vangskyrkja. Denne skal konfirmantane vera med å laga til og gjennomføra. Tidspunkt kjem.

Konfirmantweekend på Helgatun i januar

Me planlegg å reisa til Helgatun i januar. Slik stoda er no (siste veke i oktober) har me klarsignal til å gjennomføra. Det vert tydelege smittevernreglar i alt me skal gjera. 

A, B og C-klassen reiser 15.-17. januar.

D, E og F-klassen reiser 22.-24. januar.

Leiarar er Anders, Vetle, Camilla, Rønnaug, Ingrid Tønnessen (dagleg leiar i Voss KFUK - KFUM) og ungdomar frå MILK-kurset og Refleks Ten Sing. Me treng hjelp av foreldre til å vera nattevakter.

Fasteaksjon for Kirkens nødhjelp

I mars vert det Fasteaksjon for Kirkens nødhjelp. Vossakonfirmantane vert med på innsamlingsaksjonen i den formen me kan gjera det, når me kjem så langt ut på våren.

Temadagar

Me kjem til å laga til fleire temadagar, men har ikkje datoar klare enno.