Me vil vere her for deg, også i koronakrisa


Me vil vere her for deg, også i koronakrisa


Kontakt oss på telefon, epost eller via facebook.

Det er viktig for oss å sei at kyrkja framleis er til stades og tilgjengeleg, sjølv om kyrkjekontoret har begrensa åpningstider og det ikkje er plass til like mange på gudstenestene våre. 

denne sida finn du alle tilsettemed e-postadresse. Her kan du melde inn korleis me kan hjelpe (samtale, forbøn, hjelp til handling, ærend på apotek). Ynskjer du at nokon ber for deg, eller vil du snakke med nokon, ta gjerne kontakt!  

Telefonnummeret til kyrkjekontoret er 56 52 38 80. Dette nummeret har vanleg opningstid, som er måndag til fredag kl. 09–15 (onsdag 10-15). For kontakt utanom opningstida kan du nytte e-post eller facebook-sida vår til å sende ei melding, så tek me kontakt så snart som mogleg. 

Det er også mogeleg å besøke Nettkirken.no. Dette er ei nasjonalside der kan ein chatte, tenne lys og be ei bøn. Ein kan også lese andakter og tankar om sundagens tekstar.  

 

Vidare informasjon om kva som skjer vert oppdatert fortløpande. 

Følg med på nettsida og facebook-sida vår! 

 

“Lat ikkje hjartet uroast, og ver ikkje motlause”
Joh 14,27 

 

Tilbake