Velkomen til dåp! 


Bilde av dåp

I heile den kristne kyrkja er dåpen det grunnleggjande sakramentet som dannar utgangspunkt for den døypte sitt liv i trua og i kyrkja. Den kristne dåpen vert praktisert på ulike måtar i ulike kyrkjer. I vår lutherske kyrkje har me barnedåp. Det er gjennom dåp ein vert medlem av Den norske kyrkja.

Det er mogeleg med dåp i alle kyrkjene i Voss. Nedom kan de finne aktuelle datoar i dei forskjellige. Dåp er gratis for alle. 
Me har også dåpskjolar til utlån på kyrkjekontoret.
Me gjennomfører dåp også no sjølv om me ikkje har ordinære gudstenester så lenge me må ta omsyn til koronasituasjonen. 
Pr no (13.05.20) kan dåpsfølget vere på opptil 50stk. 
Kontakt soknepresten på Voss, Anders Hove på mail ah657@kyrkja.no, eller tlf 41 46 84 93 (telefontid 10-14).