Feste av grav
 


Feste av grav

Gravfeste 2020
 

Voss kommune ved kommunestyret har vedteke følgjande satsar for gravfester i 2020:

  1. Festeavgifta for Voss sokn vert sett til kr. 220,- pr. år pr. grav.
  2. Festeavgifta for Evanger, Vinje, Oppheim og Granvin sokn vert sett til kr. 210,- pr. år pr. grav.
  3. Festeavgifta i Jordalen og Raundalen vert sett til kr. 110,- pr. år pr. grav.
  4. Festetida for graver er maksimalt 60 år. Fellesrådet kan innvilge utvida festetid for barnegraver, graver der familien ynskjer å nytta grava om att, eller av andre samfunnsmessige omsyn. Ein ber i såfall om skriftleg søknad. Dersom det vert gjeve løyve til feste utover 60 år, vert festeavgifta dobla (sjå tabell).
  5. Festeavgifter for urnegraver vert  kr. 110,-  pr. år

 

Når fellesrådet no sender ut tilbod om å få forlenge festetida for graver, så er det gjort i samsvar med vedtak i Voss kommune. Tabell for gravfesteavgift pr år ser då slik ut:

År  Voss sokn  Evanger, Vinje og Oppheim   Jordalen og Raundalen
 0-20 1)  Kr 0 eller Kr 2202)  Kr 0 eller Kr 2102)  Kr 0 eller Kr 1102)
 20-60  Kr 220  Kr 210  Kr 110 
 over 60  Kr 440  Kr 420  Kr 220

 

  1. Festeavgift for urnegraver vert kr 110,- pr år. Ei urne som blir satt ned i ei kistegrav, vert festa som kistegrav vidare.
  2. Dei fyrste 20 åra er rekna som friperiode. Deretter får ein tilsend krav om festeavgift. Ei grav som går over til festa grav, kan ikkje verta frigrav igjen, sjølv om den vert nytta oppatt. Festeavgifta vert likevel rekna frå tidspunktet for siste gravlegging. Friperioden gjeld kun for gravlagde som har vore busette i kommunen.

 

28. februar 2020 | Logg inn | Copyright 2020 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando