Trusopplæring - T-dagane


T-dagar er trusopplæringsdagar i kyrkjene på Voss. Under her finn du link til omtale av dei ulike T-dagane våre..

Plan for trusopplæring i Den norske kyrkja har som føremål å medverke til ei systematisk og samanhangande trusopplæring som

         • vekkjer og styrkjer kristen tru
         • gir kjennskap til den treeinige Gud
         • medverkar til kristen livstolking og livsmeistring
         • utfordrar til engasjement og deltaking i kyrkje og samfunnsliv

Dette gjeld for alle døypte i alderen 0–18 år, uavhengig av funksjonsevne.

Sidan Kyrkja i Voss har seks ulike kyrkjelydar vil opplegget vera tilpassa dei lokale forholda. Born og unge frå Evanger, Granvin, Raundalen, Vinje, Oppheim og Voss får alle det same opplegget i løpet av åra, men det vil vera ulike måtar å gjennomføra dei på. 
 
Før kvar T-dag vert det sendt ut ein invitasjon med opplysningar om T-dagen. På Voss har vi ikkje hatt T-dagar klare for alle årstrinna, men det er ikkje så langt unna at alle får tilbod ein gong i året. På sikt skal alle døypte born og unge frå 0-18 år få eit slikt tilbod.

Velg kalender